Tips oss
Her kan du tipse Miljødirektoratet om mogleg miljøkriminalitet.
Ikkje alle mistankar om ulovlege miljøforhold skal meldast til Miljødirektoratet
Før du sender inn tipset eller varselet ditt, sjekk gjerne om det er statsforvaltaren eller kommunen som er rette myndigheit til å følgje opp tipset ditt.
Kommuner har ansvaret for:
- forsøpling
- kommunale miljøstasjonar for avfall
- kommunalt avløpsvatn og private avløpsanlegg
- lokal luftkvalitet
- nedgravde oljetankar
- påslepp frå motorverkstader og vaskehallar
- støy (motorsportsbanar, skytebanar, vindmøller)
Statsforvaltaren har ansvaret for:
- asfaltverk
- avfallsanlegg, avfallsmottak, avfallsdeponi og avfallsforbrenning
- interkommunale avløpsanlegg
- biloppsamlingsplassar
- brannøvingsplassar
- fiskeoppdrett
- fôrproduksjon
- forureina sjøbotn ved skipsverft
- flyplassar (unntatt Oslo Gardermoen)
- forureining frå anleggsverksemd
- grunnforureining
- mineralsk industri - pukkverk, steinindustri og betongproduksjon
- mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag
- næringsmiddelindustri
- vaskeri og renserier
- verkstadar/mekanisk industri – overflatebehandling, pulverlakkering og galvanisering med vidare
- skytebanar
- treforedling og trebearbeiding
Akutt forureining skal varslast til 110
110-sentralane varslar vidare til Kystverket, som har ansvar for beredskapen til staten mot akutt forureining.
Døme på ulovlege miljøforhold
- ulovleg utslepp til luft, vatn og grunn
- import og sal av ulovlege produkt, kjemikalium, trua artar eller framande organismar
- ulovleg fiske og jakt, ulovleg snøskuterkøyring, ulovlege garn
- misbruk av middel frå tilskotsordningar
Vi svarer ikkje på kommentarar og meiningsytringar.